Dei gamle er eldst og utdeling av Haldor Røynes ærespris

Arrangementsinformasjon

Dei gamle er eldst

- av Silje Onstad Hålien

“Dei gamle er eldst” er ei framsyning som ærar og kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre. Du har garantert møtt dei på dansefest eller sett dei på kappleiksscena eller på arkivopptak.

Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet.

I framsyninga ser vi dei som ei levandegjering av dei historiske linjene. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst.

Medverkande: Martin Myhr – dans, Ingar Ranheim – dans, Rolf Bjørgan – dans, Dagfinn Krogsrud – dans, Vidar Underset – dans, Dag Hamre – dans, Sivert Holmen - musikk, Tuva Syvertsen - musikk og komposisjon, Silje Onstad Hålien - dans og koreografi, Christine Seierstad - koreografiassistent, Morten W. Hjarnø - Scenograf, Sylvia Denais - Kostyme, Susanne Marko - Dramaturg/kunstnerisk veileder, Ida Andersson - Lysdesign, Øystein Etterlid - Lyd.

Forestillingen er produsert av Riksscenen, Førdefestivalen og Hilmestemnet i samarbeid med Dansekompaniet Villniss. Forestillingen er støttet av Norsk kulturråd.

Det blir også utdeling av Haldor Røynes ærespris. Denne prisen blir delt ut annankvart år på Jørn Hilme-stemnet, til ein utøvar som bidreg til å formidle folkemusikk frå Valdres.

VELKOMNE! 

Foto: Thor Hauknes

hilme
jørnhilme
jørnhilmestemnet
hilme-stemnet
valdres
folkemusikk

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refusert.