page view image

Kurs i bukkehorn 2024

Informasjon
event image

Instruktør: Bendik Smedåsgjelten Quam

Foto: Ola Vatn

Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å spele på bukkehorn. Bukkehorn er frå gamalt av mest brukt som gjetarinstrument. Men bukkehornet har også vore nytta til dansespel, og til å spele andre melodiar på. 

Bendik Smedåsgjelten Quam er frå den vesle bugda Fåset i Tynset. Bendik er ein multiinstrumentalist, og det er gitaren og trompeten som har vore hovudinstrument. Likevel har han gjort seg vel bemerka med bukkehornet, og han har fleire gonger vunne landskappleiken med sitt bukkehornsspel. No kjem han hit til Hilme-stemnet for å lære bort kunsten. 

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag
#folkemusikk #folkedans #jørnhilmestemet #hilme #valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.