page view image

Vandring på Kongevegen

Arrangementsinformasjon
event image

Vandring på Kongevegen med Dagfinn Hegg-Lunde. Turen går frå St. Tomaskyrkja til Maristuen på Filefjell, med buss tilbake.

Foto: Sverre Hjørnevik

Kongevegen mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres er kåra til Noregs vakraste rute. Kongevegen stod ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom urørt natur og storslått kulturlandskap. Vegen er nyrestaurert og er verd eit besøk.

Turen starter kl. 11.00 frå St. Tomaskyrkja og går til Maristuen, med buss tilbake til St. Tomaskyrkja. Middels krevjande tur på 11 km. Turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde frå Borgund. Han er eit levande leksikon med kunnskap om både natur, kultur og historie.

Etter turen er det servering av mat frå Fagernes Landhandel på St. Tomaskyrkja. Seinare på kvelden er det konsert med Susanne Lundeng duo i St. Tomaskyrkja. Du kan kjøpe billett til dei enkelte arrangementa, eller ein felles pakkepris. Sjå elles ticketco. 

  • Vandring (inkludert buss): 400 kr
  • Mat: 250 kr
  • Konsert: 250 kr
  • Vandring, mat og konsert: 800 kr

Medverkande:
Dagfinn Hegg-Lunde, turvert

#hilme
#folkemusikk
#valdres
#vangivaldres
#kongevegen

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.