page view image

Stian Roland og Tom Kjetil Tørstad

Arrangementsinformasjon
event image

Hugsar du dansen på lokalet? Lukta av nytrakta kaffi og tonane frå ein toradar? Gamaldansen står ikkje like støtt i Valdres som han ein gong gjorde. Skal vi gjere noko med det?

Stian Roland er instituttleiar ved Campus Rauland (USN) og har arbeidd mykje med folkedans og gamaldans frå heile landet. Han spør no: Kva er typiske stiltrekk for gamaldansen i Valdres, og korleis skil dansen i Valdres seg frå dansen i andre bygdelag? Før, under og etter føredraget blir det stormfulle og drivande rytmar frå ein av dei fremste toradarspelemennene i landet: Tom Kjetil Tørstad frå Vang.

Kom for orda, kom for tonane, lev deg inn i dansen på lokalet! Velkommen!

Oppsummert:

  • Torsdag 10. februar klokka 18.00
  • Festsalen på Valdres Folkemuseum/Fagernes
  • Servering av kaffi og kake
  • Inngang kr 150
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for dei under 13 år 
  • Arrangør: Hilme året rundt – i samarbeid med Vårflaumen spel- og dansarlag og Valdres Folkemuseum

Foto: Laila Meyrick


gamaldans
folkemusikk
toradar
valdres
unginn