page view image

Sommarkveld på Valdres Folkemuseum fredag

Arrangementsinformasjon
event image

Konsertar, dans, varm mat, drikkeservering og sal av lokalprodusert mat.

Foto: Cathrine Dokken

Gå ikkje glipp av ein sommarkveld på museet. Denne fredagen kan du få med deg saftig dansespel frå gamaldansgruppa Lendmenn, konsertar, aktivitetar for dei minste, mat, drikke og god kok i telta. Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i landet med fleire hundre gamle hus og bygningar. På museet kan du vandre frå stove til stove og oppleva gamaldans og bygdedans frå ulike distrikt. I lyset frå flakkande stearinlys kan du høyre dei beste spelemenn og -kvinner i landet og sjå dans som får dei gamle tregolva til å huske. Nett desse inntrykka er noko av det som gjer Jørn Hilme-stemnet unikt, annleis og som lokkar publikum tilbake år etter år. Nytt av året er utsal av lokalprodusert mat og husflidsvarer frå lokale produsentar.

Fredag kveldspass (tilgang til alt) vaksne: 400 kr
Fredag kveldspass (tilgang til alt) ungdom 13-17 år: 200 kr
Fredag kveldspass (tilgang til alt) born 0-12: gratis

Du kan kjøpe kveldspass – og få med deg alt av dans og konsertar – eller enkeltbillett til konsertane. Billett til enkeltkonsertane gjev tilgang berre til konsertane. For kjøp av konsertbillett, sjå eigne oppføringar for den einskilde konsert.

Festen på Valdres Folkemuseum byrjar frå klokka 19 og er slutt klokka 02.00.

Velkomen – med og utan dansesko!

#hilme
#jørnhilmestemnet
#valdresmusea
#folkemusikk
#folkedans
#vnk
#visitvaldres
#valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.