page view image

Småfolk 7: Reir

Arrangementsinformasjon
event image

Danseframsyninga «Reir» handlar om dei store spørsmåla: Kven er vi, og kva som skjer når vi mistar fotfeste. Kjenner du deg att?

Foto: Anne-Marte Før

Anita Vika Langødegård og Silje Risdal Liahagen tek deg med på leit – i deg sjølv. Kven er du, og kva skjer med hovudet og kroppen din når verda ristar og grunnen under deg blir ustø? Mange likar å sulle seg djupt ned i reiret. Det er godt å vere på kjente plassar. Men no og då må vi ta steget ut, fri oss frå det trygge, utforske det som er på utsida. Det gjeld i livet, og i folkemusikken. Men korleis taklar vi overgangane? Bli med på dansande identitetsjakt – inn i oss sjølve.

Medverkande:
Anita Vika Langødegård, idé og dans
Silje Risdal Liahagen, idé, dans og song
Ester Thunander, idé, spel
Alice Gudheim, tekst

#folkemusikk
#folkedans
#valdres
#vnk
#visitvaldres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.