Overtru! Opningskonsert med strunkelærarane

Arrangementsinformasjon

«Overtru» er tema og tittel for lærarkonserten på Strunkeveko, og det er med andre ord duka for ein spennande kveld!

Overtru er opphavet til mange låttar. Huldra, haugafolket, tusser og troll har alle vore med på å inspirere til segn, historier og slåtter. På årets lærarkonsert dreg lærarane fram historier, segn, dans og låttar som er knytt til temaet overtru. Sjå fram til ein mystisk, spennande og inspirerande lærarkonsert!


Lærarane på Strunkeveko er av dei fremste folkemusikarane og -dansarane ein kan oppdrive, og saman bidreg dei til auka rekruttering og samhald i folkemusikkmiljøet. Tradisjonen tru startar dei veka med å halde konsert for elevane, foreldre og alle andre som vil høyre.

Medverkande på konserten er Johanne Flottorp , Kjellbjørn Karsrud, Alexander Røynstrand, Silje Risdal Liahagen,Tuva Syvertsen, Selma French Bolstad, Rasmus Kjorstad, Bjørn Kåre Odde, Simon Hesselberg Løvald, Eirik Fulgesteg Luksengard, Ulf Arne Johannessen, Sigurd Heide, Vegar Vårdal, Øystein Nicolaisen, Ingrid Lingaas Fossum, Simen Roheim Iversen, Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones.


Foto: Eva Karlson

Velkomne til konsert!

hilme
strunkeveko
jørnhilmestemnet
jørnhilme
folkemusikk
valdres
hilme-stemnet

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.