page view image

Odde & Holmen

Bestill
event image

Hilme året rundt inviterer til plateslepp med Odde & Holmen.

Odde & Holmen blandar tradisjonsmusikk med impulsar frå både kunstmusikk, improvisert musikk og den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven. Duoen representerer eit leikent og virtuost samspel, og skapar ei lytteverd med stort rom for klangelege nyansar, sterke melodiar og melankoli i stadig veksling. Duoen kjem med nytt album hausten 2023, beståande av sjølvkomponerte låttar og improvisasjonar. Her møtest det rå slåttespelet frå hardingfela med dei lange linene frå kunstmusikken og smeltar saman til eit unikt uttrykk.

I 2015 vann dei to prisen for årets unge folkemusikarar, og debutalbumet «Sumarmorgon» (2016) vart nominert til Folkelarmpris.

Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet. Han har særleg dyrka ulike samspelsprosjekt i grenseland mellom folkemusikk og klassisk og vann Folkelarmpris i open klasse for albumet «Folk Chamber» (2021).

Sivert Holmen har i stor grad dyrka solospelet på hardingfele, med siger i Fanitulltevlinga og topplasseringar på landskappleik, og vart nominert til Folkelarmpris for soloalbumet «Jotunheimen» (2021).

Sivert Holmen – hardingfele
Bjørn Kåre Odde – bratsj, fele

Etter konserten blir det dansespel ved Tom Kjetil Tørstad m. fl., og det er salg av diverse drikke og anna i Munkekroen.

Velkomne!

Arr: Hilme året rundt

#hilmeåret #hilme #valdres #valdresmusea