page view image

Mari Boine med band

Arrangementsinformasjon
event image

Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre!

Konsertscena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Til sommaren er det internasjonalt anerkjende Mari Boine med band som skal tonesette sommarkvelden på Jaslangen!

Boine har skapt eit svært personleg uttrykk med element frå rock og joik, jazz og folkemusikk – og musikk frå andre kulturar. Ho er Noregs fremste representant innan verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning for musikken sin i alle dei åra ho har halde på.

Konsert, mat og overnatting:
Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat, ei god seng – i tillegg til konserten med Boine. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling av billett, mat og seng – kontakt Gomobu Fjellstue her: www.gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells!

Buss:
Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15).
Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang.19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter – Nøsen – Jaslangen. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

Foto: Gregor Hohenberg


jørnhilme
jørnhilmestemnet
hilme
folkemusikk
folkedans
mariboine
mariboineband
jaslangen
vestreslidre
valdres
jotunheimen
gomobu
gomobufjellstue
vaset

Restriksjoner

Konsertarenaen ligg i eit nydeleg fjellområde som vi skal ta godt vare på. Alt avfall må du difor ta med heim. Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av festivalbuss. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og god jakke.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Skulle vi måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna Covid-19 vil kjøpte billettar bli refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.