page view image

Andrea Søgnen og Ingrid Lingaas Fossum

Arrangementsinformasjon
event image

Dei er dei fremste unge utøvarane på langeleik i landet i dag. Bli kjent med Andrea Søgnen frå Gol og Ingrid Lingaas Fossum frå Nord-Aurdal.

Foto: Knut Utler og Raitto

Langeleiken står i ei særstilling i Valdres. Den levande tradisjonen er enno sterk, godt hjelpt fram av eit samlande miljø, av spel- og dansarlag – og av kulturskular som tilbyr undervisning til mange utøvarar. I nabodalføret har det òg tidvis vore aktivt spel på langeleik, og i seinare år har det vakse fram mange dyktige utøvarar. To av dei fremste unge utøvarane på langeleik i dag er Andrea Søgnen frå Gol og Ingrid Lingaas Fossum frå Nord-Aurdal. Dei har spelt sidan barneåra og har på kvar sine måtar teke instrumentet med seg vidare i livet.

Andrea Søgnen (f. 2001) studerer bachelor i folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg på Rauland. Andrea er ein viktig tradisjonsberar for langeleiken i Hallingdal. I tillegg har ho lært ein heil del låttar frå Telemark og Valdres, og ho set over mange høvelege låttar frå andre instrument og til langeleiken. Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres (f. 1991) er for tida bachelorstudent i tradisjonsmusikk på Ole Bull-Akademiet. Ho er oppteken av å løfte fram det tradisjonelle langeleikspelet, samtidig som ho utfordrar langeleikens bruksmåte. Dei siste åra har ho reist med langeleiken rundt i søraustlege Afrika og laga musikk med ulike lokale utøvarar. Hausten 2021 vart eit av dei internasjonale samarbeida hennar valt ut i prosjektet Beyond Music, som snart blir gjeve ut på ei plate produsert av Michael League og Bill Laurance frå det prislønte bandet Snarky Puppy.

Billett til konserten gjev tilgang berre til konserten. Ynskjer du å få med deg resten av sommarkvelden på Valdres Folkemuseum, kan det løne seg å kjøpe kveldspass. Det gjer du her!

Medverkande:
Andrea Søgnen, langeleik
Ingrid Lingaas Fossum, langeleik

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#langeleik
#vnk
#visitvaldres
#valdres
#hallingdal

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.