page view image

SØK ETTER ARRANGEMENTER

Jørn Hilme-stemnet 2026: Festivalpass

05.07.2026 10:00 @ Valdres Folkemuseum, Fagernes
Jørn Hilme-stemnet 2026: Kveldspass

05.07.2026 10:00 @ Valdres Folkemuseum, Fagernes
Hilme-26 «La Folia di Setra», Mari Askvik og SØLV

La Folia di Setra er eit møte mellom mezzosopran og folkesongar Mari Askvik og barokkensemblet SØLV, der norsk setertradisjon får spegle seg i europeisk barokkmusikk. Programmet hadde premiere i 2025 og no kjem dei til Valdres og Hilme!

05.07.2026 19:00 @ Valdres Folkemuseum, Fagernes
Hilme-26 «Låttar frå Hallingdal og Valdres»

Gjennom historia har det vore tett kontakt mellom Hallingdal og Valdres. Desse møta har sett spor – både i forteljingar og i sjølve musikken. Mange låttar finst i begge tradisjonane, der dei har utvikla seg vidare i møte med ulike spelemenn.

06.07.2026 19:00 @ Bolstad/Rogne
Ragnhild Hemsing VETRA

I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena? Det er ei stor glede for Jørn Hilme-stemnet å presentere Ragnhild Hemsing som sommarens artist på Jaslangen. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i heimlege fjell!

07.07.2026 20:30 @ Jaslangen
Hilme-26 Sudan Dudan Kvartett

Sudan Dudan, Valdres si eiga supergruppe, kjem til Trykkeriet med ei rykande fersk plate i bagasjen – klare til å fylle lokalet med sine finurlege og særeigne musikalske krumspring.

08.07.2026 19:00 @ Trykkeriet/Fagernes
Hilme-26 «På sporet av Hilme og Lurås», Tisleidalen kyrkje

Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.

08.07.2026 20:30 @ Tisleidalen kyrkje
Hilme-26 Silje Hegg

Festivalen går mot slutten, og då passar det heilt perfekt å runde av med ein nydeleg konsert med seljefløytespelaren Silje Hegg frå Vinje i Telemark.

12.07.2026 13:00 @ Valdres Folkemuseum, Fagernes
page view image
logo

Jørn Hilme-stemnet

Finner du ikke billetten din?
Innløs reservasjoner
Addresse
Jørn Hilme-stemnet
Tyinvegen 27
Fagernes