page view image

Kurs i song 2023

Bestill
event image

Instruktør: Kari Hagaseth 

Foto: Cathrine Dokken

Songen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar. Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. På kurset vil du få betre kjennskap til den tradisjonelle songstilen og kan sjølv bli ein del av den lange lekkja som ber songen vidare!

Kari Hagaseth er frå Øystre Slidre i Valdres. Ho vaks opp med mykje folkemusikk i bygda og fekk ei oppvakning då ho byrja på vidaregåande, ikkje minst på grunn av Anna Fuglesteg, som var ein stor pådrivar for songen i Valdres. Kari har besøkt tradisjonsberarar i heile Valdres, gjort opptak og ført songen deira vidare. Ho har vore lærar i kulturskulen, og slik har ho vore med på å føre songen og tradisjonen vidare til nye generasjonar.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
  • Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
#hilme #valdres #folkemusikk

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.

Ansvarsfraskrivelse

Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av kollektivtilbod.