Kurs i laling

Arrangementsinformasjon

«Stemma mi» er eit kurs i laling der ein utforskar eige stemme. 

Laling er ein lokketeknikk som blei brukt på stølen i gamle dagar. Kvar budeie lokka og lala på sin eigen måte, og denne særeigne songen kan også gje uttrykk for sinnstemninger og personlegdom.

Karin Kolterud har fordjupa seg i både sangteknikken og kva lalinga uttrykkjer. Ta med deg nysgjerrigheita di og den stemma du har og bli med på lalekurs!

Tidspunkt: 
Torsdag 9. juli kl. 14.00–16.30
Fredag 10. juli kl. 11.00–13.30

Instruktør: Karin Kolterud

folkemusikk
song
kurs

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter blir ikkje refundert.