Kurs i hardingfele 2023

Instruktør: Øyvind Brabant
Foto: Vegard Breie
I dag lærer dei fleste unge å spela i kulturskulen, eller dei går på kurs i spel- og dansarlaga. Enno står hardingfela djupt planta i folkekulturen og blir rekna som eit av dei fremst instrumenta i landet. No har du sjansen til å lære spel frå Hallingdal.
Øyvind Brabant er ein spelemann frå Nesbyen og har gått i lære hjå Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro. I dag blir han rekna som den fremste spelemannen og tradisjonsberaren på hardingfele i Hallingdal. Brabant har vore aktiv på kappleik og vann hardingfele klasse A på Landskappleiken i 1993. Han har elles gått til topps på fleire regionale og lokale kappleikar. Siste plate han har på samvitet så langt, er Breksja (2018).
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
- Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
- Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
Restriksjoner
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.
Ansvarsfraskrivelse
Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av kollektivtilbod.