page view image

Kurs i gamaldans 2023

Bestill
event image

Instruktørar: Anne-Marit Røn og Ivar K. Hemsing

Foto: Christine Stokkebryn

Hugsar du dansen på lokalet? Eimen av kaffi og kringle, tonane frå ein toradar og praten rundt bordet. Var det i ein stille vals han kjende pulsslaga frå eit anna menneske? Å danse gamaldans gjer godt for kroppen og sjela. Dessutan er det ein fin måte å skaffe seg nye vener på.

No har du sjansen til å pusse støvet av danseskoa. Anne-Marit Røn og Ivar Hemsing har dansa gamaldans så lenge dei kan hugse. Båe er aktive i folkemusikkmiljøet i Valdres, og dei har halde kurs i gamaldans ved fleire anledningar.

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Laurdag 15. juli klokka 14.00–16.00
  • Instruktørar: Anne-Marit Røn og Ivar K. Hemsing
  • Spelemann: XX 
#hilme #valdres #folkemusikk

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.

Ansvarsfraskrivelse

Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av kollektivtilbod.