Kurs i folkesong

Arrangementsinformasjon

Syng deg glad!

Folkesongen har vandra i tusenar av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar. Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. 

På kurset vil du få betre kjennskap til den tradisjonelle songstilen, og sjølv bli ein del av den lange lekkja som ber songen vidare!

Velkommen på kurs!

Tidspunkt:
Torsdag 9. juli kl. 14.00–16.30
Fredag 10. juli kl. 11.00–14.00

Instruktør: Camilla Granlien

folkemusikk
song
kurs

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter blir ikkje refundert.