Kurs for vidarekomne i valdresspringar

Arrangementsinformasjon

For alle som har dansa springar før og meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren. Her får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Folk må melde seg på parvis
  • Maks 5 par

Tidspunkt:

  • Torsdag 15. juli, kl. 14.00–17.30
  • Fredag 16. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug
Spelemann: Sivert Holmen

Restriksjoner

HOVUDREGLAR:
• Du skal halde deg heime dersom du er småsjuk og/eller viser symptom på covid-19.
• Bruk munnbind når du går frå ein stad til ein annan på festivalarenaen.
• Hugs god handhygiene. Vask hendene og bruk antibac ofte!
• Alle skal halde god avstand til kvarandre – minst ein meter.
• Alle skal registrere seg når dei kjem på festivalen/konserten.