page view image

Konsert med Gabriels Novgorod, rakfiskfest og dans på Herangtunet

Arrangementsinformasjon
event image

Velkommen til konsert, mat og dans på låven på Herangtunet i Øystre Slidre.

Kvelden byrjar med konsert med den kjende gruppa Gabriels Novgorod, som er Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).

Gruppa vart danna i 2003, og har spelt på dei største og minste scenene i landet.

På ein konsert med Novgorod får du høyre originale tolkingar av nordsvensk swing (med kosakktrinn), lærerike songar på tysk av Berthold Brecht/Kurt Weill, hardtsvingande finsk humpa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song på eit utal språk.

Etter konserten blir det salg av rakfiskbauser, mineralvatn, øl og vin.

Og dans på låven!

Velkommen!

- Tid og stad: Herangtunet/Øystre Slidre laurdag 5. november klokka 19
- UngINN-rabatt til dei mellom 13 og 21 år: 50 kr
- Arrangementet er eit samarbeid mellom Hilme året rundt og Øystre Slidre spel og dansarlag
- Konserten er støtta av Norsk Kulturfond

#hilmeåretrundt
#hilme
#herangtunet

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av tilskipinga (minus billettavgift). Kjøpte billettar kan dessverre ikkje endrast. Med atterhald om trykkfeil og endringar.