Hilme året rundt: Kjellbjørn og Sivert spelar låttar ingen andre kan.

Arrangementsinformasjon

Hilme året rundt ynskjer velkomen til hardingfelekonsert på Slidrehuset, Valdres folkemuseum, laurdag 20. juni kl. 19.00.
  
Kjellbjørn Karsrud og Sivert Holmen presenterer låttar dei påstår ingen andre kan. Her vil det bli gravd djupt i arkivmateriale frå dei to Valdresspelemennene. Du slepp sjå dei på skjerm, dei vil vere fysisk tilstades på Slidrehuset. 

Har du høyrt ein eller fleire av låttane før, vankar det premie frå arrangøren! Eit krav då er at du må plystre låtten til utøvarane etter konserten. Her vil ein følge smittevernsreglar med ein minste avstand på 3 meter ved plystring. 

Foto: Knut Utler.

hilme
hilmestemnet
hardingfele
folkemusikk

Restriksjoner

Grunna smittevernsreglar blir det lagt ut kun eit lite antal billettar. Det skal vere avstand på ein meter mellom personar. Om det er fleire frå same hustand/familie kan ein sitte tettare. Gje beskjed til arrangør om dette! Kjøpte billettar blir ikkje refundert.