Haugafolket. Sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko

Arrangementsinformasjon

Velkommen til Sjokoladekappleik på Strunkeveko!

Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Haugafolket er folket som bur i bakken. Dei har gjennom tidene vore opphav til historier for folk på stølen, dei har skapt opphav til uro, forsvinning og mjølketomme kyr, men og vore til hjelp når ein treng dei. 

Vel møtt til ein sjokoladekappleik i Huldra og haugafolket sitt forteikn.


Foto: Eva Karlson

strunkeveko
hilme
jørnhilme
jørnhilmestemnet
folkemusikk
valdres

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.