page view image

HALLINGDANSEN I NYTT LYS

Arrangementsinformasjon
event image

Korleis har hallingdansen utvikla seg dei siste hundreåra, og korleis har han vorte slik han er i dag. Tidlegare (dansande) direktør og konservator ved Valdres Folkemuseum, Ingar Ranheim, er ein nestor i folkedansarbeidet i landet gjennom mange år – både som forskar og utøvar. Dei siste åra har han gått i djupna på hallingdansen – og under føredraget på Valdres Folkemuseum gir han ei grundig innføring i kva vi veit om dansen til ulike tider.

  • Servering av kaffi og kake
  • Inngang kr 150
  • UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
  • Gratis for dei under 13 år
  • Arrangør: Hilme året rundt og Valdresmusea

Konserten er støtta av Norsk kulturfond

Foto: Laila Meyrick

#hilme