page view image

GJENDINE OG JØRGINE

Arrangementsinformasjon
event image

FRÅ BØVERDALEN TIL NEW YORK – FOLKEMUSIKK OG GLAMOUR

“Gjendine og Jørgine – fra Bøverdalen til New York” – konsert med Camilla Granlien, Mari Skeie Ljones og Alf Hulbækmo

Appell ved Mina Bindian, lærar ved Nord-Aurdal læringssenter.

Jørgine Boomer (1887–1971) og Gjendine Slålien (1871–1972) kom båe frå enkle kår i Bøverdalen i Gudbrandsdalen. Jørgine reiste over til Amerika, jobba seg oppover og gifta seg med hotelldirektøren Lucius Boomer ved hotellet Waldorf Astoria i New York. Samen dreiv dei hotellet fram til han døydde. Jørgine vanka i sosieteten i New York, sørga for at Frank Sinatra fekk fart på karrieren ved å gje han musikarjobb ved hotellet, lytta til Cole Porter medan han komponerte, kjente presidentar og kongelege og var høgt elska av mange av gjestene sine. Jørgine reiste fleire gonger heim til Bøverdalen og bygde seg ein heim der, Villa Jotunheimen.

Gjendine derimot, var budeie og Edvard Grieg si største kjelde når det kom til folkemusikken. Ho reiste aldri frå heimstaden til tross for frieri og tilbod om songutdanning i utlandet. Ho trollbatt folk med songstemma si, ho var lystig og kjapp i replikken – og kunne ikkje leve utan fjellet rundt seg. To sjarmerande damer med bein i nasen. Samtidig, to veldig ulike damer. Den eine full av eventyrlyst og iver etter å reise og sjå, den andre tok verda imot heime i Gudbrandsdalen.

I konserten fortel musikarane om jazz og storbyliv, folkemusikk og bygdeliv, Gjendine og Jørgine.

Inngang kr 200
UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
Gratis for dei under 13 år
Arrangør: Hilme året rundt og Internasjonalt kvinneforum i Valdres

#hilme

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Skulle vi måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna Covid-19 vil kjøpte billettar bli refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no.