page view image

Festivalcamping Hilme-24

Informasjon
event image

Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum.

Foto: Ingvil Skeie Ljones 


Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg, i tillegg er det eit stort telt der som kan nyttast som samlingsplass.

Festivalcampingen ligg sentralt plassert midt i mellom Valdres folkemuseum og Trykkeriet kulturarena. Det er gåavstand frå campingen til alle arenaene i Fagernes. Parken er nyleg renovert, så det er flotte omgjevnadar for camping! 

  • Telt kostar 400 kroner onsdag til søndag, og prisen inkluderer bruk av garderobeanlegg.
  • Bubil/campingvogn kostar 1.200 kroner onsdag til søndag, inkludert straum og bruk av garderobeanlegg.
  • Vil de tinge overnatting for ei kortare periode, betalar de på festivalcampingen. Prisen er då 150 kroner per natt for telt og 400 kroner per natt for bubil/vogn.

Festivalcampingen er open frå onsdag 10. juli kl. 13.00 til sundag 14. juli. Har du spørsmål, ta kontakt med Ivar Hemsing på tlf. 481 28 610.

Når du kjøper billett til campingen, får du ei digital kvittering. Denne viser du på campingen, så får du eit merke som viser at du har betalt. Dette heng du lett synleg på telt/vogn. 

Ynskjer du festivalfrukost? Jørn Hilme-stemnet har eit samarbeid med Cafe Husfliden om frukostpakke til Hilme-folket. Ynskjer du frukostpakke må du bestille dette dagen før. Du kan nå kafeen her. Cafe Husfliden opnar kl. 09.00 kvar dag, og har varm mat frå kl. 10.00. 

Velkomen!

#jørnhilmestemnet #hilme #festival #folkemusikk #konsert #kurs