page view image

Kurs i hardingfele 2024

Information
event image

Instruktør: Alexander Aga Røinstrand

Foto: Knut Utler

I dag lærer dei fleste unge å spela i kulturskulen, eller dei går på kurs i spel- og dansarlaga. Enno står hardingfela djupt planta i folkekulturen og blir rekna som eit av dei fremst instrumenta i landet. No har du sjansen til å lære spel frå Hardanger.

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Hans musikalske uttrykk byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar, og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken. 

Kurset passar best for deg som har spelt noko før. 

Velkomen på kurs!

Fakta:

  • Onsdag 10. juli klokka 15.30–17.30
  • Torsdag 11. juli klokka 14.00–18.00
  • Fredag 12. juli klokka 10.00–12.00
  • Pris: 1100 kr – som inkluderer kaffi, servering (torsdag), konsertar onsdag, torsdag og fredag
#folkemusikk #folkedans #jørnhilmestemnet #hilme #valdres

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.