page view image

Hilme-24: Vandring, mat og konsert

Information
event image

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og sparkar festivalveka i gang med ei konsertvandring i Fagerdalen. Med både kjentmann og spelemann på laget, blir dette ei uforgløymeleg vandring i storstilte og segnomsuste fjellområde. 

Foto: Anne Marit Noraker

Fjellområdet vest for Bygdin er eit av dei mektigaste turområda i Valdres. Høge tindar og blikstille fjellvatn – og spora frå fortida. Fjellet her har vore matkammers og beiteland i uminnelege tider. I dag er Jotunheimen eit ynda landskap for slitne kroppar.

Fagerdalen er ein liten sidedal i Jotunheimen, vest og opp for fjellvatnet Bygdin. Fagerdalen er naturen – og kulturen, og namnet på ein lått. Springaren Fagerdalen finst i fleire variantar over heile landet. I Flesberg er han kjent som «Flesbergen», i Telemark spelar dei «Nisien». I Valdres var låtten før i tida kalla «Bikkjelåtten», før spelemannen Ola Okshovd bygde han om og vida han ut. Okshovd seier sjølv på eit arkivopptak i Valdres folkemusikkarkiv at «e ska spela Fagerdal'n. De e ein lått så e sette navdn på ei gång e va uppi Jøtunheime». 

Turen startar kl. 11.00 frå Bygdin Høifieldshotel. Undervegs blir det prat og musikk. Middels krevjande tur på 10 km. Ta med nistepakke, godt med drikke og eit sitjeunderlag. Fjellsko er beste fottøyet. Turvert for dagen er kjentmann Tor Harald Skogheim frå Øystre Slidre. Han er eit levande leksikon når det gjeld kunnskap om fjella, naturen og kulturen. Med seg har han den meritterte spelemannen Jan Beitohaugen Granli, som vil diske opp med passande musikk undervegs. 

Etter turen serverer vertskapet på Bygdin Høifieldshotel nydeleg middag til fornøgde turgåarar. Maten byrjar klokka 16.00. Er du allergikar, ta kontakt, så finn vi løysingar.

Klokka 18.00 blir det langeleikkonsert med Oddrun Hegge, Gunvor Hegge og Ingebjørg Hegge Bratrud. På denne konserten vil de få høyre langeleikspel og forteljingar som kallar fram stemningar og bilete frå stølslivet og fjellheimen. Her vil tre blad Hegge, som saman forvaltar stolte langeleiktradisjonar frå Øystre Slidre, syte for at vare langeleiktonar vil smyge seg innunder huda til alle som kjem til Bygdin Høifieldshotel denne kvelden.

 

Vandring, mat og konsert: 900 kr

Konsert: 300 kr

#hilme #jørnhilmestemnet #valdres #folkemusikk #folkedans #langeleik #hardingfele

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til å promotere festivalen.