Kurs langeleikspel frå Gudbrandsdalen
Instruktør: Rasmus Kjorstad
I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, men vi veit at det også er spelt langeleik i mange andre område i landet. I år kan du få med deg langeleiklåttar frå tre ulike dalføre på Hilme. Vi skipar til kurs i spel frå Valdres, Gudbrandsdalen og Hallingdal. Desse kursa er for deg som har spelt noko langeleik frå før. Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.
Rasmus Kjorstad er fele- og langeleikspelar frå Sør-Fron. Han har gjort eit solid arbeid i å hente fram att langeleiklåttar frå Gudbrandsdalen. Nokon av desse låttane har han spelt inn på plata «Spelstund» frå 202. Denne plata var historisk, då det er fyrste gong langeleiklåttar frå Gudbrandsdalen er spelt inn. På dette kurset får du ein unik moglegheit til å lære deg eit knippe langeleiklåttar frå Gudbrandsdalen!
Velkomen på kurs!
Fakta:
Torsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
Foto: Cathrine Dokken
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.