page view image

Kurs i seljefløyte ONSDAG

Information
event image

Instruktør: Silje Hegg

Seljefløyta er truleg eit av dei eldste instrumenta vi har, og vi finn slektningar av fløyta over heile verda. Instrumentet er ofte laga av borken på ei seljegrein, men levetida er kort, og difor finst fåe eldre, bevarte fløyter. På 60-talet tok Magnar Storbækken til med produksjon av seljefløyter av plast, surra inn i bork.

Silje Hegg er instruktør på seljefløyte i år. Ho kjem frå Vinje og har vunne fløyteklassa på Landskappleiken fleire gonger. Den autentiske stilen og rytmiske snerten gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta. Ho var tidlegare med i gruppa Blåmann Blåmann, som turnerte med stor suksess i både inn- og utland.

Onsdag blir det eit nybyrjar kræsjkurs der ein får ein innføring i teknikk, og lærer eit par låttar. Dette kurset passar for dei som ikkje har spelt seljefløyte før. 

Fakta:

  • Onsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
  • Pris: 300 kr 

 

Foto: Christine Stokkebryn

#folkemusikk #folkedans #jørnhilmestemnet #hilme #valdres

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.