Pols på 1, 2, 3, Hilme-26
Instruktørar: Vegar Vårdal og Ole Erik Feragen
Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å danse pols. Polsen har etter kvart vorte ein svært populær dans, og det skulle passe svært bra med eit kurs før Sven Nyhus Kvartett spelar opp til dans seinare i helga!
Vegar Vårdal er ein av våre mest erfarne dansepedagogar, og no kjem han for å lære bort dei beste polstriksa på 1, 2, 3! Med seg har han spelemannen Ole Erik Feragen, som spelar opp til alle som vil danse. Kom aleine, eller saman med nokon, dette kurset passar for alle!
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Torsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.