Kurs i hardingfele ONSDAG Hilme-26
Instruktør: Håkon Høgemo
Hardingfela og hardingfelespelet står djupt planta i folkekulturen og blir rekna som eit av dei fremst instrumenta i landet. No har du sjansen til å fordjupe deg i spelet frå Indre Sogn saman med storspelemannen og kursinstruktøren Håkon Høgemo. Desse kursa er passe for deg som har spelt noko hardingfele frå før. Stem fela i H til kurset.
Håkon Høgemo er eit velkjend namn i norsk kulturliv. Han har vore frilans musikar i ei årrekkje, er tilsett på Noreg Musikkhøgskole og er kjend frå ei mengd samspel. På Hilme kan de høyre Høgemo spele til dans og ha konsert saman med Erlend Viken på fredag og Karl Seglem Band på laurdag.
Temaet for kurset onsdag er springar frå Indre Sogn.
Fakta:
- Onsdag 8. juli klokka 15.30–18.00
Velkomen på kurs!
Foto: Cathrine Dokken
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.