page view image

Kurs fele TORSDAG 2026

Information
event image

Instruktør: Astrid Sulheim

Vanleg fele og hardingfele har levd side om side i den norske folkemusikken. Vi er svært glade for at Astrid Sulheim frå Lom i Gudbrandsdalen vil vere instruktør på dette kurset. Ho er ei av dei fremste norske folkemusikkutøvarane på vanleg fele, og har fleire sigrar frå Landskappleiken både i solospel, gruppespel og lagspel. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister, og har i tillegg lært av Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Bjørn Odde. Ho har vore aktiv i Lom spelmannslag sidan starten av 90-talet. I tillegg er ho medlem av folkemusikkgruppene Atterljomen og Tufskrøkjun.  håpar mange stemmer fela og melder seg på kurs!

Temaet for torsdagens kurs vil vere halling frå Gudbrandsdalen. Dette kurset passar for deg som kan spele på fele, men du treng ikkje vere på eit vidaregåande nivå. 

Fakta:

  • Torsdag 9. juli klokka 15.30–18.00
  • Pris: 300 kr
#folkemusikk #folkedans #jørnhilmestemnet #hilme #valdres

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.