Jørn Hilme-stemnet 2025: Festivalpass

Festivalpass gjev inngang på konsertar og arrangement frå og med torsdag 10. juli til og med sundag 13. juli. Festivalpass inkluderer ikkje kurs eller avslutningsframsyninga til Strunkeveko.
- Sjå programmet for Jørn Hilme-stemnet 2025 her.
- Ynskjer du lenke til dagspass, vekepass og andre billettypar, sjå her!
Festivalpass kan du kjøpe her, eller på festivalkontoret på Valdres Folkemuseum i festivalveka. Kjøper du festivalpass på førehand, må du byte det mot eit armband på festivalkontoret.
Det er inga reservering av plassar til konsertane. Til fleire konsertar på dei minste arenaene på Valdres Folkemuseum er det fyrstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld. Difor er det viktig at du er ute i god tid!
- Festivalpass vaksen: 1200 kr
- Festivalpass student: 900 kr (må vise gyldig studentbevis)
- Festivalpass ungdom 13–17 år: 600 kr
- Festivalpass born 0–12 år: gratis
Velkommen!
Foto: Eva Karlsson
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til å promotere festivalen.