Kurs langeleikspel frå Valdres

page view image
Dátum podujatia

Streda 8 Júl 2026 15:30

Končí Streda 8 Júl 2026 18:00
objednať

Dostupné položky

Kurs langeleikspel frå Valdres
event image

Informácie o podujatí

Instruktør: Ingrid Lingaas Fossum

I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake, men vi veit at det også er spelt langeleik i mange andre område i landet. I år kan du få med deg langeleiklåttar frå tre ulike dalføre på Hilme. Vi skipar til kurs i spel frå Valdres,  Gudbrandsdalen og Hallingdal. Desse kursa er for deg som har spelt noko langeleik frå før. Treng du låne instrument, kan du ta kontakt – vi har nokre instrument til utlån.

Ingrid Lingaas Fossum er ein av våre mest markante langeleikutøvarar. Ho er aktiv som soloutøvar og ho er også i finne i eit utal samspelprosjekt. Ingrid vart kåra til årets folkemusikar i 2025, og no kjem ho for å lære bort sine finaste valdreslåttar til deg!

Velkomen på kurs!

Fakta:

Onsdag 8. juli klokka 15.30–18.00

 Foto: Cathrine Dokken 

Vyhlásenie

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.

Štítky

#folkemusikk
#folkedans
#jørnhilmestemnet
#hilme
#valdres
Organizátor
Jørn Hilme-stemnet