Sogesong, St Tomaskyrkja på Filefjell

INFORMACJE O IMPREZIE

Konsert med Sogesong i St Tomaskyrkja på Filefjell.

Sogesong tek ein med tilbake til den sakrale, dunkle og mystiske mellomalderen. 

Kvedar Øyonn Groven Myhren og hardingfelespelar Anne Hytta har gjennom fleire år utforska dei gamle balladane.

No tek dei oss med til eit møte mellom det urgamle og det genuint nye, til det melismatisk suggererande, syngande og alltid svingande.

Både Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren er kjent for djupe personlege uttrykk og båe er godt forankra i gamle folkemusikktradisjonar frå Telemark. I to kyrkjekonsertar byr dei på friske og originale tolkingar av ulike balladar som var godt gøymt, men ikkje heilt gløymt.

Det vil bli guida vandring på den nydelege Kongevegen med servering før konserten for dei som ynsker det. 

Det blir høve til å kjøpe seg majel, kaffi og kake på Kyrkjestølen før konserten. 

Sjå meir info om turen her

Kyrkjekonserten i St. Tomaskyrkja på Filefjell er ei årleg hending og ei fin opning på Jørn Hilme-stemnet. Velkommen og god konsert!

hilme
hilme-stemnet
jørnhilme
jørnhilmestemnet
valdres
folkemusikk

Restrykcje

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.