SMÅFOLK PÅ HILME: Dyr og rare kjerringer

INFORMACJE O IMPREZIE

DYR OG RARE KJERRINGER  / Festsalen, Valdres Folkemuseum.

Familiekonsert med Camilla Granlien og Jo Skaansar

Her får du viser og stubbar Camilla har henta frå songtradisjonen i Gudbrandsdalen. Det handlar om maur, rev, ein stor gris, nokre små fiskar og sjølsagt, mange rare kjerringer!

Målgruppa er frå 0-100 år og har du rytme i kroppen er dette konserten for deg! Her kan du både klappe med, trampe takta og synge med på songane!

Jo Fougner Skaansar er jazzbassist og komponist. Han har tatt mastergrad i jazzkontrabass ved Norges musikkhøgskole i Oslo og har gitt ut albumet Den blåaste natt og Fange av mi tid. Han medverker på ei rekke plater innen jazz –og folkemusikksjangeren.

Camilla Granlien jobbar som frilans songar. Ho har hatt mange konsertar og prosjekter, alt frå barnehagekonsertar til Den kulturelle spaserstokken. I tillegg har ho diverse solo og band-prosjekt. Camilla har gitt ut fleire cd-ar og mottatt prisar og stipender for arbeidet sitt som folkesongar.

folkemusikk
valdres
hilme
hilme-stemnet
jørnhilme-stemnet

Restrykcje

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.