Ministrunken: Dans

INFORMACJE O IMPREZIE

Ministrunken er eit todagarskurs for dei som er mellom 6 og 11 år. Frå kl. 10 til 15 vil flinke instruktørar gje undervisning både til dei som er heilt ferske og dei som har spelt og dansa litt før. I tillegg til kursinga er det fleire fellesøktar med leik og moro utandørs på museumsområdet. 

På torsdag held Ministrunkane sjølve konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Deltakaravgifta inkluderar lunsj, instruksjon og konsertar.

Det blir ein del fellesøkter, men dansekurset blir også inndelte i grupper undervegs. Elevane får både danse pardans, halling og prøve seg på ulike godkarstykkje. 

Instruktørar: Sina Myhr, Anders Aasberg og Jon Bugge Mariussen

Restrykcje

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 1. juli