Konsert med Sogesong, Hedalen stavkirke

INFORMACJE O IMPREZIE

Konsert med Sogesong i Hedalen stavkirke.

Sogesong tek ein med tilbake til den sakrale, dunkle og mystiske mellomalderen. 

Kvedar Øyonn Groven Myhren og hardingfelespelar Anne Hytta har gjennom fleire år utforska dei gamle balladane.

No tek dei oss med til eit møte mellom det urgamle og det genuint nye, til det melismatisk suggererande, syngande og alltid svingande.

Både Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren er kjent for djupe personlege uttrykk og båe er godt forankra i gamle folkemusikktradisjonar frå Telemark. I to kyrkjekonsertar byr dei på friske og originale tolkingar av ulike balladar som var godt gøymt, men ikkje heilt gløymt.

Frå kl. 17.30  blir det kaffiprat og omvising ved Anne Hilde Øigarden i Preststugu og stavkyrkja.

Hedalen stavkirke - Eit vakkert møte med middelalderen.


Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert! Sjå meir info på www.hilme.no

folkemusikk
hilme
hilme-stemnet
jørnhilme
jørnhilmestemnet
hedalen

Restrykcje

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.