Hardingfele fordjuping Strunkeveko

INFORMACJE O IMPREZIE

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskursa på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. Fordjupingskurset på hardingfele i år går under tittelen storspel, og det vil bli jobba med å utvikle spelteknikken, og det verkelege storspelet. Årets instruktør er eminente Alexander Aga Røynstrand, med eit rikt slåttetilfang, med hovudvekt på spel frå Hardanger. Fordjupningskurset byr også på auka kunnskap rundt slåttespelet. 


Instruktør: Alexander Røynstrand 

Les om instruktørane her

 

Restrykcje

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Ograniczenia

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.