Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med prosjektet VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.
Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin
Mathias Eick – trompet
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon
Marthe Husum – bratsj
Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello
Knut Aastad Bråten – langeleik
Ole Aastad Bråten - langeleik
Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett på TicketCo for å nytte deg av dette tilbodet. Billettane blir lagt ut for sal noko nærmare konserten.
Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15) – og direkte til Jaslangen.
Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter og til Jaslangen.
Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.
God tur, god konsert!
Foto: Alf Simensen