Hekla Stålstrenga

Velkomen til nordnorsk stemning i Valdres-fjell!

page view image
Arrangementsdato

tirsdag 9 jul 2024 20:30

Slutter tirsdag 9 jul 2024 22:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

Hekla Stålstrenga - VAKSEN
Hekla Stålstrenga - UNGDOM (13-17)
Hekla Stålstrenga - BORN (0-12)
Buss frå Fagernes - BORN/UNGDOM (0-17)
Buss frå Fagernes - VAKSEN
Buss frå Slidre/Røn - BORN/UNGDOM (0-17)
Buss frå Slidre/Røn - VAKSEN
event image

Arrangementsinformasjon

Foto: Carl Christian Lein Størmer 

I tekstar og melodiar skildrar det nordnorske folkrockbandet Hekla Stålstrenga drama i menneska og landskapet. Dei syng og spelar om livet i havgapet, om vintersolkverv og ein rastlaus polkafot. Bandet er kjent for å levere konsertar med humor og varme – og stor fest. Endeleg er dei tilbake på Jaslangen i Valdres.

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der vestfjella gjev storslegne rammer kring musikken. 

Medverkande:

Anne Nymo Trulsen
Ragnhild Furebotten
Ole-Jakob Larsen
Trond-Viggo Solås
Tore Bruvoll

Konsert, mat og overnatting:
Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei seng – i tillegg til konserten med Hekla Stålstrenga. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling kontakt Gomobu Fjellstue: gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15) – og direkte til Jaslangen.

Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter og til Jaslangen.

Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.

God tur, god konsert!

Restriksjoner

Alle med følgjebevis for personar med funksjonshemming får gratis billett.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.

Tags

#jaslangen
#hilme
#valdres
#heklastålstrenga
#stageway
Organizer
Jørn Hilme-stemnet