Draumkvedet

page view image

Tickets Not Available

BESTILL BILLETTER
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Hilme året rundt inviterer til plateslepp i Volbu Kyrkje onsdag 4. januar kl. 18.00.

Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson. Konserten vil likevel formidlast med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus.

Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Då har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir til slutt vitne til dommedag i Brokksvalin.

13. dag jul vaknar Olav Åsteson opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.

Draumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen.

Mange komponistar, som Ludvig M. Lindemann, David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim, har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet.


Tid: Onsdag 4. desember kl. 18.00

Stad: Volbu Kyrkje

Arr: Hilme året rundt

Pris: 200,-

Konserten er støtta av Norsk Kulturfond


 



Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Tags

#hilme
Organizer
Jørn Hilme-stemnet