Brev frå Amerika - Konsert med Stampestuen & foredrag med Linda Stewart

page view image
Arrangementsdato

torsdag 20 nov 2025 18:00

Slutter torsdag 20 nov 2025 21:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Brev frå Amerika - UngINN, 13 - 21år
Brev frå Amerika - Born, gratis under 13 år
Brev frå Amarika - Vaksen
event image

Arrangementsinformasjon

Kvelden byrjar med Linda Stewart sitt foredrag "Amerikabrev" før Stampestuen går på scena kl 19.30. 

Stampestuen plukkar opp gløymte songar om sterke personlegdomar med fengslande livshistorier. På debutalbumet «Brev fra Amerika» tolka dei songar av nokre av de mange nordmennene som emigrerte til Amerika. Medlemmane i Stampestuen er etablerte musikarar i den norske jazz- og tradisjonelle musikkscenen, med en felles interesse for gamle songar og historier. Stampestuen er: Beate Børli Løkken (vokal, dulcimer),  Marius Graff (gitar, mandolin, banjo, vokal), Jon Hjellum Brodal (fele, hardingfele) og Anders Lillebo (gitar, munnspel, trekkspel, trørorgel, vokal).

Linda Stewart er etnolog og prosjektmedarbeidar ved Norsk Utvandrermuseum. Stewart kom for nokre år sidan med boka Amerikabrev, der ho ga ein nedanfråskildring av norsk emigrasjonshistorie gjennom å nærlese ei konkret kvinne sine brev og svarbrev.

Foredrag kl 18.00. Konsert kl 19.30. Det blir ein  pause mellom foredraget og konserten. Museumskaféen er open.

Del av markeringa av Crossings 200, markeringa at det er 200 år sidan den organiserte utvandringa til Amerika starta. Eit samarbeid med Vennelaget for Valdres Folkemuseum.


Inngang:
Kr 250 for ordinær billett
Kr 50 (UngINN) 13-21 år
Gratis for dei under 13 år
Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra

Arrangementet er støtta av Innlandet fylkeskommune, «Migrasjon og identitet» – utvandrermarkeringen 2025.

Arrangørar: Hilme året rundt i samarbeid med

Tags

valdresfolkemuseum
song
hilmeåretrundt
#hilme
familie
hardingfele
crossings200
utvandrermarkeringen2025
folkemusikk
amarikabrev
Organizer
Jørn Hilme-stemnet