Vandring på kongevegen - FiIefjell

Arrangementsinformasjon

Vandring på Kongevegen - frå St.Tomaskyrkja til Maristuen!

Heilt konge! Det er vegen over Filefjell. Vegen går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres er kåra til Noregs vakraste veg. Kongevegen sto ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og er slik sett ein historisk viktig veg som går igjennom urørt natur og storslått kulturlandskap.

Vegen er nå nyrestaurert og resultatet er verdt eit besøk, og med spektakulære bruer og forstøtningsmurar i nydeleg natur håvar vegen inn prisar. I april 2017 blei prosjektet heidra med EUs kulturminnepris (Europa Nostra Awards) i kategorien «Bevaring».

Jørn Hilme-stemnet er stolt over å tilby publikum Vandring på Kongevegen kombinert med konserten "Når marke æ grøn og blomster'n blå" med Marit Karlberg og Frank Rolland i St. Tomaskyrkja. For å trimme alle sansar blir det servering undervegs.

Turen går frå Kyrkjestølen på Filefjell og turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde. Dagfinn driv Borlo bygdetun og er ein enorm kjelde til historisk kunnskap om området.

Turen startar klokka 13.00 frå Kyrkjestølen og går til Maristuen, med buss tilbake til Kyrkjestølen. Konsert finn stad klokka 17.00.

Denne billetten gjeld både vandring og konserten. Billettar må bestillast før 5. juli.

Arrangementet er i samarbeid med bedriftsnettverket Kongevegbedrifter Filefjell SA

Foto: Sverre Hjørnevik

kongevegen
hilme
hilme-stemnet
jørnhilme
jørnhilmestemnet
folkemusikk

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.