page view image

Talentkonsert

Arrangementsinformasjon
event image

Jørn Hilme-stemnet er arenaen for breidda i norsk folkemusikk. Dei etablerte og gamle, og dei unge og talentfulle.

Foto: Kenneth Lien

Trygve Liahagen og Amalie Kinsarvik Tvilde er ein ung og nyetablert duo med base på Norges musikkhøgskole i Oslo. Liahagen/Tvilde utforskar både nykomponert musikk og tradisjonsmusikk frå rundt om i Noreg. Repertoaret strekk seg på tvers av landet, og frå mindre kjende tradisjonsområde. Arrangementa spring ut frå det tradisjonelle, men her er også mykje inspirasjon frå nyare musikk. Resultatet er friske, lette tonar, med innslag av alvor og melankoli. Velkommen til konsert!

Medverkande:
Trygve Liahagen, fele/hardingfele
Amalie Kinsarvik Tvilde, durspel

#hilme
#jørnhilmestemnet
#folkemusikk
#folkedans
#vnk
#visitvaldres
#valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.