Sundag på Hilme 2018

Arrangementsinformasjon

Det er ein felles inngangsbillett for alt som skjer på programmet sundag. 

Mat og musikk i sundagstempo?

Hilme-dugurd er årets nyvinning med musikk og mat for ein glad, men kanskje også småsliten festivalgjengar den siste sundagen i Hilmeveka. Munkekroen serverar mat og drikke. Et og nyt musikken!

Kl.11.30 Hilme-taffel: Helga Myhr, Øyvind Brabant og Jan Beitohaugen Granli blir fyrste ut på dugurd-programmet.  Desse tre soloutøvarane held varmen opp under danskonserten laurdag kveld, no på sundag formiddag vil dei ta tempoet ned. 

Kl.12.30 Hilme-taffel med småfolk: Mykje tydar på at det blir fart og moro når andre post på dugurd-programmet entrar scenen. Vi gler oss som ungar til Knut og Oles Langeleikshow! Brørne Knut og Ole Aastad Bråten er kongepokalvinnarar i Langeleik og ein munnrapp duo. Moro for både små og store.

Kl.13.15 Hilme-taffel med Slåttar etter bestefar: Tredje og siste post på dugurd-programmet er Slåttar etter bestefar med Haldor Røyne og Torgeir Bolstad. Haldor Røyne er frå Søndre land og har røter i Øystre Slidre, han har nyleg gjeve ut plata Slåttar etter bestefar der han spelar hardingfeleslåttar på akustisk gitar. Materialet har han etter bestefar sin som også heitte Haldor Røyne. Med seg på konserten har han musikar Torgeir Bolstad, som også hadde spelemanns-bestefar med same namn som sitt eige. Vi gler oss!

Kl.14.00 Premieutdeling: Det store høgdepunktet etter ein kappleik - sjølvaste premieutdelinga. Utdeling av premiar, herder og ære!

Velkomne!


hilme
jørnhilme
jørnhilmestemnet
folkemusikk
valdres

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.