page view image

Småfolk 1: Spelejenta

Arrangementsinformasjon
event image

«Spelejenta» er ei barneframsyning med og av Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen. Spelejenta er basert på Jon Fosse si bok Spelejenta, ei jente som må gjennom mange hinder for å møte att far sin.

Foto: Anne-Marte Før

Og for å hjelpe seg gjennom utfordringane har ho ei magisk fele som ho spelar på.

Sivert Holmen kjem frå Valdres og er ein framifrå spelemann på hardingfele. Sivert spelar det meste: vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp, og springarar ein umogleg kan stå stille til. Dette er kjernen i uttrykket hans. Sivert er òg ein merittert spelemann og har motteke Fureprisen (2016), Øivind Berghs minnepris (2017) og han er kåra til årets unge folkemusikar (2015), saman med Bjørn Kåre Odde.

Anne Heidi Kvam Hillestad er òg frå Valdres. Ho flytta frå Valdres som 19-åring for å følgje sin draum om å bli skodespelar og kunne integrere folkemusikken og folkedansen i teaterverda. Ho har spelt både munnharpe og langeleik, og ho har dansa med dei spenstige frikarane. I dag studerer ho til ein bachelor i musikkteater.

Medverkande:
Sivert Holmen, fele, dans og song
Anne Heidi Kvam Hillestad, dans og song

#jørnhilmestemnet
#hilme
#folkemusikk
#folkedans
#vnk
#visitvaldres
#valdres
#valdresmusea

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.