«Salme, segn og solbøn»

Arrangementsinformasjon

HILME ÅRET RUNDT: 

Det er gått ti år sidan Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås gav ut den kritikarroste plata «Salme, segn og solbøn». På plata, som kom ut på plateselskapet Ta:lik, dukkar dei ned i dei mange spennande, religiøse laga i folkemusikken. Ulike religiøse straumdrag har til alle tider sett merke etter seg i folkemusikken og i munnleg tradisjon knytt til denne. Førkristne og katolske motiv har smelta saman og levd vidare i songar og segn til lenge etter reformasjonen og fram til i dag. 

Konserten er samarbeid mellom Hilme året rundt og Vestre Slidre Folkemusikk og Dansarlag.

Billettpris:

Vaksne 200 kr

Ungdom 100 kr

Born gratis

hilme
hilme-stemnet
hardingfele
kveding
folkemusikk
valdres

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje