page view image

Odd Nordstoga med band

Arrangementsinformasjon
event image

Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre!

Foto: Esben Kamstrup

No er det klart: Odd Nordstoga med band kjem til Jørn Hilme-stemnet og solefallskonserten på Jaslangen.

Få maktar å beskrive poesien i kvardagen slik Odd Nordstoga gjer. Han syng om skogen og om hausten, om å lengte tilbake til sommaren, og om dagane som kom og gjekk. Og så får han oss til å danse!

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der vestfjella gjev storslegne rammer kring musikken. 

Medverkande:
Odd Nordstoga
Alexander Pettersen, gitar
David Wallumrød, piano
Håkon Aase, fele
Tor Egil Kreken, bass
Torstein Lofthus, trommer

Konsert, mat og overnatting: 
Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei seng – i tillegg til konserten med Nordstoga. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling kontakt Gomobu Fjellstue: gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15).

Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter – Nøsen – Jaslangen.

Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.

God tur, god konsert!


hilme jørnhilme jørnhilmestemnet valdres valdresmusea jaslangen vestreslidre folkemusikk oddnordstoga stageway gomobu

Restriksjoner

Konsertarenaen ligg i eit nydeleg fjellområde som vi skal ta godt vare på. Alt avfall må du ta med heim. Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av festivalbuss. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og god jakke.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Skulle vi måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna Covid-19 vil kjøpte billettar bli refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.