Kvinnedagsfest // Konsert med Onstad/Wallumrød
Velkomen til 8. mars Internasjonale kvinnedagsfest i Festsalen på Valdres Folkemuseum!
Internasjonal kvinnedagsfest 8. mars, Festsalen på Valdres Folkemuseum:
Konsert med Onstad/Wallumrød - Folkemusikk og viser med ein ung låtskrivar frå Valdres
Appell for dagen
Tove Skjelstad intervjuar Beni Rani Ghale frå Nepal
Programleiar: Aud Søyland
Servering av mat frå mange land!
Onstad/Wallumrød
er ein duo som spelar folkemusikk og visesong i ein akustisk setting. Ingeborg Onstad syng og spelar langeleik og Elias Wallumrød syng og spelar gitar. Dei møttest på Norges Musikkhøgskole og har spelt saman i eitt års tid.
Musikken er nær og gjenkjenneleg. Dei blandar eigne tekstar med eldre tekstar, og nye tonar med gamle tonar. Duoen leiker i landskapet mellom tradisjon og nyare musikk med utforsking av formidling, modalitet og instrumentering. Dei har gjeve ut fleire låter under Ingeborg Onstad sitt navn og prosjekt; Tida, Oslos gater og Min far for å nevne noko. Foto: Alexander Hammer
Konsertstart ca. kl. 18.30
Billettar:
Kr 100 for medlemmer i Internasjonalt kvinneforum
Kr 300 for ordinær billett
Kr 100(UngINN) 19-21 år
Gratis for dei under 18 år
Nyheit! SESONGKORT: kr 800,- for fire konsertar. Vårprogram 2026 Hilme året rundt, her!
Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra
Arrangementet er støtta av Regionalt kulturfond, Innlandet fylkeskommune og Kulturrådet.
Arrangørar: Hilme året rundt i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum og Valdresmusea