KVARTS OG JONAS FJELD

Arrangementsinformasjon

Velkomen til ein framifrå kveld på Jaslangen i Vestre Slidre!

Scena ligg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i dalføret vårt. Sommaren 2019 er det Kvarts og Jonas Fjeld som skal tonesette sommarkvelden på Jaslangen!

Den folkekjære rockepoeten Jonas Fjeld har sunge og skrive låtar som sitt dønn fast i den norske folkesjela. Parallelt med store store hitar som «Engler i sneen» og «Hun kom», har Fjeld snusa på tradisjonsmusikk i ulike tapningar. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og han har også hatt eit mangeårig samarbeid med det amerikanske bluegrassbandet Chatham County Line.

Folkemusikkgruppa Kvarts og Jonas Fjeld har hatt samarbeid dei siste åra og konserten er ein plass der brune kneiper, «Engler i sneen» og beinmargskjensle for amerikanske blåtonar møter finnskogspols, feledrag og seljefløyta sin naturtoneskala.

Musikarar:

Jonas Fjeld – vokal og gitar

Ben Basgaard – gitarar

Jo Asgeir Lie – trekkspel

Øystein Rudi – fele

Tom Willy Rustad – bass, munnharpe, seljefløyte

Erlend Styve – gitarar

Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt. Vi oppmodar elles alle til samkøyring. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og regnjakke. God tur til fjells! Ta buss til Jaslangen? Bussbillettar blir lagt ut ila våren.

Foto: Anne-Marte Før, Lukkeleik

jørnhilme
jørnhilmestemnet
hilme
hilme-stemnet
folkemøte
folkemusikk
jonasfjeld
jotunheimen
utekonsert

Restriksjoner

Konsertarenaen ligg i eit nydeleg fjellområde som vi må ta best muleg vare på. Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av festivalbuss. Hugs også varme klede, sitjeunderlag og god jakke.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. På fleire av våre arrangement er det fotograf tilstades, fotoa blir brukt til promotering av festivalen.