Kurs i springleik og pols 2023

Instruktørar: Anne Grete og Rolf Bjørgan
Foto: Knut Utler
Kursrekka på Jørn Hilme-stemnet byr på tradisjonar frå heile landet. I år kan du mellom anna lære å danse springleik frå Gudbrandsdalen og pols. Springleiken har truleg vore i bruk over heile Gudbrandsdalen, men blir i dag mest brukt nord i dalen. Her finst dansen med eit sett av turar og variantar. Medan springleiken er lokal i Gudbrandsdalen, har polsen breidd seg utover og blitt veldig populær i heile landet.
Anne Grete og Rolf Bjørgan frå Sel i Gudbrandsdalen har båe dansa gamaldans og bygdedans sidan tenåra, og dei har halde eit utal kurs i både innland og utland. Dei er aktive deltakarar på Landskappleiken og Landsfestivalen, med fleire toppresultat. I 2003 vann dei kongepokalen for springleiken. «Vi har stor glede av å lære bort til andre», seier Anne Grete. No er ho og mannen på Hilme. Bli med!
Velkomen på kurs!
Fakta:
- Onsdag 12. juli klokka 15.30–17.30
- Torsdag 13. juli klokka 14.00–18.00
- Fredag 14. juli klokka 10.00–15.00
- Pris: 1000 kr – som inkluderer kaffi, lunsj (fredag), samtale og konsertar onsdag, torsdag og fredag
- Spelemann: Kari Grøsland
Restriksjoner
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte. Sjå elles vilkår for kjøpte billettar på www.hilme.no. På fleire av arrangementa er det fotograf til stades. Bilete frå arrangementa blir brukt til promotering av festivalen.
Ansvarsfraskrivelse
Vi oppmodar til samkøyring, sykling, gåing og bruk av kollektivtilbod.